FLYTTA ONLINE: Kommunikasjon og livssyns-studiet ved NLA Høgskolen har vore nøydd å flytta all undervisning online. Her er høgskulelektor Bjørn Hinderaker i samtale med studentar før korona gjorde alt digitalt. FOTO: NLA Høgskolen

Korona gav overraskande studentrekord

NLA Høgskolen på Gimlekollen frykta færre studentar ved Kommunikasjon og livssyns-studiet i år på grunn av avlyst studietur. I staden har studenttalet dobla seg.

I år er det 20 år sidan NLA Høgskolen Gimlekollen, som den gong heitte Mediehøgskolen Gimlekollen, starta opp studiet Kommunikasjon og livssyn. I fleire år har studieturen til England vore eit viktig høgdepunkt og trekkplaster på studiet.

– Då vi måtte avlysa studieturen, frykta vi at vi ville få færre søkarar til årsstudiet i år, men fråfallet viste seg å ikkje vera så stort. I tillegg kom det mange andre søkarar som av ulike praktiske årsaker ikkje hadde kunna ta studiet på grunn av studieturen, seier programansvarlig for Kommunikasjon og livssyn, Lars Dahle, til Kristelig Pressekontor.

Programmet Kommunikasjon og livssyn (KL) består av eit årsstudium og i tillegg ei rekke enkeltemne studentar kan ta uavhengig av årsstudiet.

– Eit av dei nyare emna er i sjelesorg. Vi kallar dette emnet Kristent ungdomsarbeid i sjelesørgerisk perspektiv. Dei siste tre åra har det aldri vore meir enn 15 deltakarar på dette emnet, men no strøyma det på med påmeldingar, og no i vår er det heile 40 deltakarar. Det eksploderte beintfram, seier Dahle.

Innfører to variantar

Dahle fortel at tilbakemeldingane tyder på at fleire av studentane ikkje ville kunna tatt studieemnet viss det ikkje var for at det var eit digitalt tilbod.

– Dei set stor pris på å kunna ta eit sjelesorg-emne med den typen tematikk, men det føreset ein god og nær dialog. Vi jobbar med å òg få dette emnet til godt og nært som online-kurs.

KL hadde frå før ein modell med intense kursdagar på Gimlekollen og vidare rettleiing og oppfølging på nett.

– No har vi flytta kursdagane online og jobbar med å få til variasjon og brei innsats med ulike fagfolk. Vi får svært gode tilbakemeldingar på dette opplegget, seier Dahle.

Han fortel at dei i år har nytta seg av det faglege nettverket sitt i England ved å henta inn fleire gjesteforelesarar derfrå online. Dette har gitt meirsmak.

– No innfører vi, uavhengig av korona, to variantar av årsstudiet, med og utan studietur. Forhåpentlegvis kan då fleire søka seg til oss sjølv om dei ikkje har høve til å dra på tur. No blir det moglegheit for meir fleksibilitet utan å måtta setja av ni dagar til å dra til England.

MÅTTE TENKA NYTT: Programansvarlig for Kommunikasjon og livssyn, Lars Dahle, seier det har vore krevjande, men inspirerande å måtta tenka nytt om det pedagogiske opplegget under koronapandemien. FOTO: NLA Høgskolen

Lågare fråfall av studentar

NLA Høgskolen Gimlekollen er ikkje den einaste studiestaden som har opplevd at fleire studentar set pris på digital undervisning. Til NRK Rogaland melder fleire prorektorar ved universiteta i landet om lågare fråfall av studentar.

– Av dei som starta bachelorutdanninga i 2019, er det ein nedgang i fråfall på 3 prosent samanlikna med eit gjennomsnitt av dei siste åra, seier Prorektor Wenche Jakobsen ved Universitetet i Tromsø til NRK.

Les også: Slik påverka korona høgskulane.

Framleis godt studentmiljø

Lars Dahle fortel at dei har erfaring med eit svært godt studentmiljø på Kommunikasjon og livssyn.

– Vi er jo opne for alle, men sidan mykje av studiet er fokusert på formidling av kristen tru, er det gjerne studentar med eit avklart forhold til trua som søker seg inn her. Det er eit godt mangfald i alder og erfaring. og det blir skapt ein spennande dialog mellom ulike grupper i studiet.

Dahle meiner studentmiljøet framleis har vore svært godt sjølv med digital undervisning.

– Koronafasen er eit gigantisk læringssprang og utviklingstrinn for oss når det gjeld å utvikla digitale plattformer og undervisning. Vi har gjort oss ein god del erfaringar. Vi har til dømes konsekvent to lærarar på kursdagane, har kortare økter, mykje refleksjon og legg opp til interaktivitet.

Han fortel at dei er opptatt av å la studentane komma til orde med refleksjonar i samtalar, gjennom chat eller seg imellom i grupperom på Zoom.

– Vi får gjennom dette moglegheit til å motverka at studentane blir overlatne til seg sjølv i ein digital kvardag. Det har vore krevjande, men inspirerande å måtta tenka nytt om det pedagogiske opplegget i denne fasen, seier Dahle. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.